Indre Fure er eit idyllisk gårdstun i Selje kommune ytterst
ved Sogn og Fjordane si fylkesgrense mot Møre og Romsdal.
På kartet finn du Stadt som ein knytteneve mot havet. Det er i dette
stormlandet du finn Indre Fure..
Det er 7 fastbuande her pr. i dag – alle med havbårene
slåande tett opp til stovedørene når det bles som verst. Mellom husa og havet
ligg det ein molo og eit langt belte av store steinar. Når det er uver kan ein
høyre rumlinga frå denne store "steinrøysa" i stranda.
Indre Fure er det lengste du kjem med bil på denne sida av
fjorden. Skal du lengre ut lyt du gå – eller bruke båt.
Tunet
har ei historie tilbake til 1300-talet, og er eit av dei siste klyngetuna her i
landet.
Høgskulen i Sogn og Fjordane samarbeider med
Arkitekthøyskolen i Oslo og Institutt for bygningshistorie ved NTNU, om å
lage planmodeller for boligbygging, og dei bruker det vestnorske klyngetunet og
Indre Fure som modell.
Området er populært for turistane. Det er ein beundra og
fotografert stad, med nok av motiv å velgje i… Fjell, fjøre, dyreliv, blomar og
tre, hus og utsikt.
Sjølv dronning Sonja har vitja Fure tunet for nokre år
sidan, på privat reise.
Vegen kom først hit i 1966, men det er ikkje mykje som er
igjen av den no. At det rasar ned småstein og andre ganger større stein, ja det
vitner vegen om, med lapp på lapp, hole på hole. Altså ingen høg standard. Ser
ut som vegen har vore gløymd i alle budsjetter i mange mange år. Havet
har forsynt seg grådig av vegkantane langs med heile stranda frå Drage til Indre
Fure. Det skal gode nerver til for å kjøre den vegen kvar dag, spesielt
vinterstid. Kjell Fure er landpostbod og bur på Indre Fure, om vinteren
pleier han å parkere ein bil på Drage, slik at han kan ta skia fatt for å komme
seg på jobb om det ikkje skulle vere brøytt eller det ikkje fins muligheter for
å komme gjennom. Det kan vere alt frå snøver som stenger veien til kraftige
stormar som riv med seg ein del av vegkantane. Til nå har det gått bra.
Sett campingvogna igjen og bruk bilen skal du ut hit, det er
ille nok å komme forbi ein møtande bil med bil...
Når det melder storm ved Stadt på vermeldinga, ja da går
mange tanker til Fure og innbyggarane der. All ære til dei som sit der ute – på
”heimstaden” som alle er så glade i – for at dei tek vare på staden og husa –
for det er eit flott arbeid dei legg ned – det gledar alle med slektsrøter fra
tunet. Og ikkje minst turistane som vitjar Fure om sommarane!
Informasjons tavla på Indre Fure
"Fure"
Fure er inndelt i to gardar, Indre Fure som ein her ser og Ytre Fure som
ligg ein times gangveg vestover. Indre Fure er nemnt første gong i skrivne
kjelder kring 1300 - 1350-talet, og tunet står i ei klynge slik dei første
gardane stod i gamle dagar. Dette er det einaste tunet på Stadlandet som
står igjen slik som det var før.
Det vert fortalt at dei første som busette seg på Fure var dreng hos presten
og bygsla garden for 2 torskar i leige. Brukarane som budde her levde
hovudsakleg av jordbruk og fiske. Då jordbruk gav lita innkome, var det
fiske som vart hovudnæringa. Fiske etter laks og hummar gav god inntekt til
mange av brukarane. Etterkvart vart det stasjonert mange husmenn og
legdemenn med familie. Desse mennene var mannskap i båtane til brukarane, og
tente såleis til livets opphald. Dei reiste til Bergen for å byte fangsten i
varer og kontantar.
Slik måtte dei drive sjøen for livberging i all slags ver, sommar og vinter,
i stilla og storm.. Det var ikkje alltid fiskarane kom seg i land på Fure
etter ein sjøtur, så dei måtte finne landingsplassar i andre bygder på Stadt..
Det vart såleis mang ei uroleg tid for kvinnene som speida utover havet og
venta på menn og soner som var på sjøen. Det var ikkje alltid dei kom til
lands i det heile, og havet vart deira våte grav. Ei slik hending høyrer vi
om i 1713 då 4-5 mann omkom. Etter denne hendinga vart det fortalt at det
ikkje var ein mann att på Fure.
Fure er om lag den einaste plassen i området dei har kunna dyrke frukttre.
Brukarane på Indre Fure har tidlegare fått premie for Alexandria-epla som
vart dyrka her. Furestaven ytterst på Ytre Fure er ein av dei to plassane i
Selje kommune der ein har funne kleberstein. Her finst merke frå gamalt av
etter uttak til steingryter.
Vi ber om at det vert teke spesielt omsyn til dei fastbuande på Indre Fure,
og verna om deira eigedom.
Her kjem litt om staden,
tolka fra Jakob Aaland, Nordfjord – frå gamle dager til no. II Dei einskilde
bygder 5. Selje 1943:
Ytre- og Indre Fure
Navnet har opphavet sitt av trenamnet furu, meines det. I så fall må
det ha vore eit einskilt furetre som enten ved størrelse eller skap har vore
så sermerkt at bustaden har fått navn etter det. Noko furuskog kan det
umulig ha vokse her.
Navnet er i 1306 – 50 skrevet ”i Furum” og 1520 årene
skrevet ”på Fwræ”, i 1585 Furre, og på 1600 årstalet Fure eller Furre. Frå
1563 er det skilt mellom Ytre- og Indre Fure. Selje var også før skrevet som
Seliu.
Ytre Fure hadde i første del av 1600 talet 3 brukarar,
som i 1626 var fattige. Sidan var garden 2 jamstore bruk til han vart lagt
øde i 1740 åra. Indre Fure var frå 1600 ett, og frå 1650 to jamnstore bruk.
Indre Fure blei løyst i 1849 av brukaren Ola
Kristofferson. Han selde året etter halvparten til broren Hans. Same året
blei garden bytt i teigar mellom dei.
Ytre Fure blei løyst i 1851 av brukaren Peder Olson for
300 spd. Etter noken år selde han halve garden.
Det hende at man før ikkje kom ut på sjøen på lang tid,
grunna ver. Og hardveret har gjort stor skade både på gard og båtar. I 1864
tok sjøburden nausta der dei hadde fiskeutstyr og båtar. Det blei så gale at
dei måtte låne salt. I 1901 gjekk sjøburden fram i nausta att. Hardveret
gjorde at dei på Ytre Fure måtte flytte husa sine frå dei gamle tuftene.
Garden blei til og med liggande øde ei stund.
Ola Sørenson, ein dreng frå Hoddevik, men fødd i
Bergen, tok garden oppatt, truleg i 1770 åra. Han bygde gardshus på nye
tufter. Under husbygginga budde og kokte dei oppe under Hammaren ovani husa.
Den gamle tunstaden utanfor kallar dei ennå ”Tuftene”. Ola sette gard og hus
i god stand. Om Ola lever det ennå på garden mange segner.
Også på Indre Fure hadde dei ei ”ond landing” avdi at
det ikkje fanst livd mot sør og vestburden. Men her kunne ein då likevel få
laga seg skikkelege båtstøder med lunnar og vorrar og naust tufter som var
trygge. Men her gjorde fjellskred til tider stor skade på jorda.
Tross for tidvis harde og farefulle levekår her, levde
det særs vyrde folk her, og velstanden var jamleg særs god. Dei tente på
fiske og losing.
(fra Jakob Aaland)
***
Oppe i bergsida ovani tunet er ei bergskår med jamflatt
lende, men med vand tilkjømd for storfe. Her har dei funne tufter etter i
alt 3 hus. Største tufta på 12x4 meter og er delt i fleire rom. Nær attmed
denne tufta ei mindre på 4x3 meter, også delt i fleire rom. Tredje tufta er
8,5x4 meter.
Son til Abraham som var brukar på Indre Fure i 1630
åra, hadde ein son som skulle studere, men gav opp studiet og gjekk i
snekkerlære. Han blei ein dugande snekkar og treskjærar. Han er mesteren for
et særmerkt arbeid som før var på garden, som nå er borte. På ein halvrundt
brett av eik, større enn ein tønnebotn, hadde han skore ut eit bilete av
David spelande på harpe.
Han skar ut fleire innskrifter på skilt over husdører.
Etter segna drog snekkaren til Nordland, og blei ihelstukken der.
2 av prestane i Volda skulle etter segna vera fødde på
Fure og vere bondesønner. Det var Jens Jakobson, som døydde i høg alder om
lag år 1600, og Peder Rasmusson som døde i 1640, han hadde vore prest og
prost og var ein bondeson frå Ytre Fure.
Den først mannen som busette seg på Fure, skulle ha
vore dreng hjå presten, og bygsla garden for 2 torskar!